Kva er Øyaposten?
Øyaposten er ein avis i papirformat som kjem ut nokre gongar i året. Det heile starta i påska 2005, og til no har vi lage fire papirutgåver.
Øyaposten vert laga på frivillig hobbybasis av Åslaug Snilstveit og Bjarne Øymyr. Vi kjem ofte til øyo, og trivst svært godt her.
Det starta med at vi vart interesserte i historia til øyo og ville gjerne vita meir. Kva tyder dei stadnamna vi høyrer om? Kven er folka på dei gamle bileta vi ser? Kor gjekk vegane før i tida? Kva båter høyrde til på øyo? Hovudtanken med avisa er difor å ha ein stad kor vi kan samla inn og presentera gamalt stoff, få innspel og kanskje få igang diskusjonar som kan generera meir kunnskap.
Papirutgåva vs nettutgåva
Sjølv om vi har opna for noko meir stoff på nettsidene er det papirutgåva som ER sjølve Øyaposten. Vi meiner det er litt ekstra stas med ein papiravis, og dei "djutpløyande" artiklane vil ein først og framst finne der. Nettutgåva vil i hovudsak ha stoff i kategorien notisar.
Papirutgåva av Øyaposten kan ein kjøpa på butikken på Øyo.
Neste papirutgåve vil venteleg vera i sal tidleg i juli.
