foto (c) bjarne øymyr

Ufo på Øyo?

UTANOMJORDISK: Vi ser tydelig eit S-mønster.... Ein Ufo eller berre resultat av innsats frå kraftlaget? (09.11.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Rennebekken fant nytt løp og ødela vegen

SAMFERDSLE: Stormen og regnet tok godt til seg av vegen langs Rennebekken, og sendte store mengder grus ned i Hagen på Stølen. No er det ikkje råd å komma fram med firhjulte kjøretøy. (26.10.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Fleire stjernestopp - no og på laurdag

RYGERFONN: Frå 15. september vil det bli endringer i ruto til Øyo - det vert nemleg fleire stjernestopp.

Tidlegruta på Mandager kan ein nå og reisa med på onsdager. Men hugs å bestille før kl. 18.30 dagen før!

Laurdager er det stjernestopp på veg frå Rosendal om morgonen til Bergen, med retur om ettermiddagen.

Hugs at alle stjernestopp må bestillast seinast 30 minutter før på telefon 98 24 15 30.

Mannskapet på Rygerfonn opplyser og at om det er passasjerar som til Øyo kl. 10.55 eller 18.25, vil båten først gå direkte til Rosendal, og deretter ta turen ut til Øyo. (11.09.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Vøling av skulekaia

Skulekaia er no flottare enn nokon gong. Takk vera innsatsen til Anders Havnelid og Ole Vasslid, pluss støtte frå lokale "sponsorar" er det no trygt å lenda på skulekaia. Ein raud laupar no...så kjem nok snart Kongen... Diverre var ingen av journalistane i Øyaposten til stades då arbeidet pågjekk, men du kan lesa meir om dugnadsånad på Øyo i Grenda. (05.09.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Rensking rundt linja

"Treskjerarar" frå fastlandet har vore på Øyo for å kutte vekk greiner og trær som har vakse opp kring staum- og telefonleidningane. Det er altså inga kunstinstallasjon, men det må vel kunne kallast treskjering?. (07.03.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Nye benker - fleire sitjeplassar på basaren

I Krikjen er det kraftig dugnadsinnsats med snekring av nye benker til skulehuset. Harald (bildet) med gode hjelparar har sett i gang reine samlebandsproduksjon. Dei gamle benkane som kanskje er like gamle som skulehuset(?) vert nytta som mal. Kvar av dei fem benkane består av 11 delar som skal limast og skruast saman. Alle delane ligg no klare (sjå innfelt bilde), og det er godt håp om at dei skal vera ferdige til påskebasaren. (18.02.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Tjukk skodde! Kan du sjå Rygerfonn?

I ettermiddag kunne vi høyre at Rygerfonn starta motorane i Rosendal. Men sjå ho kunne vi ikkje før ho mest hadde lagt inntil på Øyo. Kan du sjå Rygerfonn? (10.02.08)

 

foto (c) bjarne øymyr

Rudolf på veg over Melderskin?

Fredag kveld festa dette biletet seg på biletbrikka til fotografen. Først trodde vi det var rusk, så undra vi om det kunne vera Rudolf i farta no i førjulstida. Men det synte seg altså å vera eit fly på veg austover. (24.10.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Barmaslupen sjøsett

Barmaslupen vert ho kalla, snekka som kom frå Barmen. (Sjå oppslag lenger ned på sida). For å understreka det historiske har Øyaposten teke dette biletet med sitt gamle storformat-kamera. Harald og Leon har satt inn ein solid Marna 8-11 hk. Heile Øyapost-redaksjonen fekk vera med på tur til Fiskjavikjo i helga. Det er noko spesielt å sjå korleis dei vakre linjane bryt bølgane! I vinter skal sjekta opp i løo i Krikjen og få ei skikkeleg overhaling. Vi ser fram til resultatet utpå vårparten! (15.10.07)

 

foto (c) øystein ask

Rapport frå hjortejakta

Øystein Ask har sendt oss ein rapport frå hjortejakta og meldar at starten på jakta har gått bra. Første helga skaut dei fire små hjort, i tråd med tilråinga frå viltnemnda om å spara dei største dyra med dei beste genane. Totalt har valdet på Øye løyve på åtte dyr. (05.10.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Kor mange...for å skifta ei lyspere?

Ikkje alle lysperer er like enkle å skifta ut. Prosjektgruppa som byta ut pera i båthamna omfatta; ein arbeidsleiar/klatrar, tre til å halda stigen, ein straumansvarleg, fire til å sjå på (inspektørar) - og ein fotograf. Altså treng ein ti øyarar for å skifta ei lyspere! (15.09.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Hamskifte på Stølen

Ein augneblink var vi i tvil om vi var komne til rett øy, men det var vi altså. På Stølen måtte noko av kledninga bytast ut, og no vert ting ført attende til det gamle. Vi gler oss til å sjå det ferdige resultatet. Flott vert det! (08.09.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Tre(hundre)-fot-sjuke?

"Kven er dette?" spør vi ofte i spaltane til Øyaposten. Ikkje veit vi, og med namnet "MY Mystic" kan det kanskje vera kven som helst. Til dømes Ole Gunnar Solskjær på veg heim frå England? Kanskje dei tok feil av Kalvsund og STORsund? Eller kanskje det var ein som ikkje hadde råd til hytte og kjøpte seg båt i staden. Då Bergensavdelinga til Øyaposten var innom Bryggen i ettermiddag ruva båten kraftig der og! Kanskje måtte han reisa frå Kalvsundet fordi det var fullt på gjestebryggja? Vel - båten måler 152 fot, og du kan sjå bilete av MY Mystic - og frå innsida av båten her. [Sjå bilete] (29.08.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Kva er dette?

Ingen har gitt rett svar så langt. Send svaret til tips@oyaposten.no og bli med i trekninga av eit gratis eksemplar av neste nummer av Øyaposten! (04.08.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

"Hole-in-the-sky"-observasjon

Det var tirsdag i forrige veke at redaksjonen til si store overrasking fekk auge på dette holet i skydekket over Omvikedalen og Tverrfjell. Like etter at biletet vart teken forsvann holet, og sidan har visst ingen sett det. (31.07.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Storfint besøk

At båtane har vakse dei siste åra kan ein nok vera einige om. Meir tvilsamt er det vel om dei er blitt vakrare. Eit flott syn var det da denne klassiske sluppen la til på gjestebryggja i helga. Båten er frå Gøteborg, rigga som skonnert og vel 50 fot lang. (29.07.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

"Ekstremsportveko"

Ekstremsportveko på Voss er forlengst over. No har ein skvadron gjerdesmett-ungar teke over og driv med høyrisiko prøveflygingar på Øyo denne veko. Ikkje like lett å finna ein stad å landa... Men læringskurva var bratt, og etter tre dagar med test-flyging har dei no kome seg ut i skogen. (22.07.07)

 

foto (c) bjarne øymyr

Stor utfart

Idag var kaia full av folk då rutebåten gjekk kvart over fire. Heile 16 reisande, og mest like mange som tok avskjed på kaia. Men framleis langt att til rekorden i påskeveko. (08.07.07)

 

bilde

Restaureringsprosjekt

Idag kom "Oliv" inn til kaien på Vetøy med ei noko spesiell last. Harald (i Krikjen) har nemleg henta eit restaureringsobjekt i Barmen. Sjekta har han og Leon fått av Johan Øye, som m.a. har nytta ho til segling. Harald har allereie fått tak i ein Marna 8-11 hk som han vil montera, og prøva ut båten i sommar. Til vinteren skal sjekta opp på låven for "extreme makover" - med full restaurering, nye vindskjermar osb osb. (22.06.07)

 

bilde

Sikkert sommerteikn

Natt til fredag 22. juni - altså på den ljosaste dagen i året - fann vi tre Grand Banks i gjestehamnsa. Det er eit sikkert sommarteikn når vi finn båtar i gjestehamna mitt i veko! (22.06.07)

 

bilde

Ulovleg byggjing i strandsona?

På ein utliggar midt i båthamna - meir nøyaktig på båtplassen til "TEMA", har ei måke no tatt seg til rette og bygd ny heim, utan å søkje om løyve. Husveret ser ut til å ha normal storleik, dimensjonert for 3 egg og kjøkken.

 

bilde

Høg flo - og i Mai!

Slik såg det ut på kaien hos Leon idag, 19 mai. Nokon kvar kan kanskje koma til å tenkja på den såkalla drivhuseffekten. Men ifølge meterologisk institutt er dette langt unna rekorden frå i haust og vinter.

Mykje vatn!

Frå ein fotograf som ønsker å vera anonym har Øyaposten motteke nokre bilete som illustrerar kor høgt vatnet gjekk - då det var på det høgste i starten på desember. bilde bilde bilde

Landskap med gravemaskinar?

bilde Arbeidet på Kalven går stadig framover. Slik ser det ut no (27. desember). Også denne vinteren kan ein høyre lyd av gravemaskinar og snekring på Kalven.

Hjortejakta 2006

Frå jaktleiar for Øye-valdet Øystein Ask har vi fått denne rapporten: bilde "Årets hjortejakt gikk veldig bra, hjortebestanden har en økning. Spesielt så er det økning av store dyr,dette er fordi vi har skutt ut mest smådyr de siste åra. bilde I år ble det ikke skutt noen kronhjorter (vi har 2 store kronhjorter på øya nå), slik at neste år blir det sannsynligvis bukkejakt på en av disse! Hjortebestanden på Snilstveitøy består av sunne og friske dyr, dette pga nok tilgang på riktig næring! bilde Jaktlaget håper at alle grunneigere er fornøyd med årets jakt og fordeling av kjøtt, ønsker alle på øya en riktig god jul!"