*** Arkiv - Øyo idag 2007 ***

Fleire stjernestopp til Øyo

copyright 2007 øyaposten
No vert det enklare å koma seg både til Skåla, Bergen, Flesland og resten av verda....og heim att!

Å bu på ei øy er ikkje alltid like lett. Særleg ikkje vintersdagen når sydausten bryskar seg som verst. Da er det gode nyhende at Rygerfonn frå januar vil ha stjernestopp til Øyo alle dagar unnteke laurdag. Sjå ruteplan for 2008 > (12.12.07)

Lesar-aksjonar for bokbåten

copyright 2007 øyaposten
Aksjonane ynskjer at desse bøkene framleis skal koma ut i distrikta...

Det er fleire aksjonar på gang for å halda bokbåten Epos flytande. På underskrift.no kan ein skriva under på opprop. Det er og laga eit flygeblad som ein kan senda til dei som skal avgjera lagnaden til båten. Flygebladet finn du her > . (03.12.07)

Vil leggja ned bokbåten

copyright 2007 åslaug snilstveit
Skyane som trugar Epos er langt mørkare enn dei på biletet! Epos på Øyo i mars 2006. Foto: Åslaug Snilstveit

Det er no stor fare for at bokbåten Epos har vitja Øyo for siste gong. Fleirtalet i Fylkestinget vil leggja ned heile prosjektet for å spara 430.000 kroner. Kvar gong Epos kjem innom Øyo får vi ei ny ladning med bøker i butikken. Bjørn Arne held orden på utlån, og alle som bur her har stor glede av ordninga. Fylkesordføraren hevdar at ein ikkje treng bokbåten i ei tid med Internett. Men det er vel lite truleg at E-post kan erstatta Epos? Saka vert avgjort i Fylkestinget 11-12 desember. (02.12.07)

Øyo-bilder i Bergen

bilde
Vindauget hos JapanPhoto i Bergen

Tolv av bileta til Øyapostens utsende fotograf heng nå i JapanPhoto-butikken ved Øvre Ole Bulls Plass. Seks fargebilder ut mot fortauet, og seks svart/kvitt-bilder fotograferte på "gamlemåten" inne i butikken. Alle bilda er frå Øyo - og fleire av dei har vore presenterte her i nettutgåva tidligare. (15.11.07)

Innspurt i jakta

bilde
Her er det nokon som har trakka i salaten!

Jaktvaldet Snilstveit/Eidsvik har vore aktive i helga. Laurdag tok dei ei kolle og ein kalv, og har dermed berre eit par dyr igjen. Men hjort er det visst nok av. Så seint som i natt var det ein hjort som bokstaveleg talt trakka i salaten i grønnsakhagen til redaksjonen! (11.11.07)

Det er "uthjort"

bilde
Denne bukken og fleire andre slapp unna

Trass i mykje hjort vart det ingen fangst for jaktlaget i Øye-valdet denne helga. Då Øystein Ask og laget hans reiste med ruto i ettermiddag kunne han fortelja at det var mykje hjort å sjå, men han var vanskeleg å koma innpå. Dermed vart det med fem felte hjort i Øye-valdet i år. (27.10.07)

"Barmaslupen" sjøsett

bilde
Leon ombord i Barmaslupen.

Vi har tidligare fortalt om sjekta som skulle få "extreme makeover". No har ho fått motor, og er sett på sjøen og har fått namnet "Barma-slupen". [les meir...] (15.10.07)

Kor mange øyarar treng ein for å skifta ei lyspere?

bilde
Mission Completed! Øystein Ask signaliserar at operasjonen gjekk bra.

I lang tid no har vi hatt ei "super-sparepære" i båthamna. Dvs. ho har vore heilt svart. Det vart difor igangsatt eit omfattande prosjekt med nøye planleggjing og koordinering for å få ljoset på plass igjen. [sjå kor mange ein treng...] (29.08.07)

Du STOOOOOOORE!

bilde
Jau, du ser rett! Nesjabukta til venstre og Kalven til høgre. Kjetil Ulveseter spør om det kan vera KalvaToren som har sjøsatt seint i år? Foto: Kjetil Ulveseter

Kjetil Ulveseter sendte oss bilete frå Kalvsundet idag. Sjølv om båtparken har vakse dei siste åra er dette noko utanom det vanlege. Namnet på båten er "Mystic" - og det er for oss eit mysterium kven som var ombord... [fleire spekulasjonar] (29.08.07)

Bygg reis deg!

bilde
Hytta på Marineset tar form.

Hytta vart ikkje ferdig til ferien, men no er arbeidet i full gang. Denne veka har reisverket kome opp. (19.08.07)

GAMALT NYTT
Bryllaup anno 1914

bilde
foto: ukjent

Gamle bilete kan etter ei tid gå i oppløysing som her. Det er likevel morosamt å sjå kleda og alvoret. Ein del er identifisert. Veit du namnet på fleire? [sjå gamalt nytt] (05.08.07)

Fest-suksess trass uver!

bilde
Avansert ingeniørkunst redda grillinga og festen!

Andre stader måtte dei gje opp Olsokfeiringa. På Øyo derimot vart det full pakke. Teltet vart sett opp med overbygg til grillen, basert på avansert ingeniørkunst. På programmet stod det konsert med "Øyo blåse- og pianoensemble" - og det var leikar med flotte premiar til dei yngre. Til tider regna det så kraftig at det var vanskeleg å halda samtalen igang. Ingen tvil om at vi kjem til å hugsa denne kvelden! (29.07.07)

Mange på reisefot

copyright 2007 bjarne øymyr
Kaia var full av folk

Det var stor utfart og fullt av folk på kaien då ruto kom kvart over fire i ettermiddag. [Sjå her] (08.07.07)

Alt du treng å vita om flått!

copyright 2007 bjarne øymyr
Denne krabaten sugde seg fast på ein av armane til redaksjonen i dag tidleg. foto: bjarne øymyr

Det ser ut til å vera mykje flått på Vestlandet og Øyo i år. Mytane er mange - ikkje minst om kva ein skal gjera når han sug seg fast. Om ein berre tar han av innan 24 timar er det liten fare. Ei svært god nettside om flått finn du hjå Folkehelseinstituttet. [sjå her] (06.07.07)

"Rygerfonn" satt i rute

bilde
Rygerfonn fotografert på jomfruturen til Strandkaien i Bergen i ettermiddag.

Reiarlaget Rødne lyste ut konkurranse om namnet på den nye rutebåten som går mellom Bergen og Øyo, og namnet vart Rygerfonn. Utanpå er den nye båten ganske lik den gamle. Men han går raskare, kring 33 knop, og vil difor lettare kunne halde ruto. I nyabåten er det og litt meir romsleg under dekk. Så da vert det ikkje så trangt om plassen på overfarten mellom Skåla og Øyo! (25.06.07)

Sikkert sommerteikn

bilde
Tre Grand Banks på besøk

Eit sikkert sommerteikn er det at det ligg båter i gjestehamna mitt i veko. Natt til fredag fann vi tre Grand Banks på kaien. Nydeleg ljos og stemning kring midnatt på årets lengste dag! [les meir] (22.06.07)

Snart ny rutebåt

bilde
Rygerkongen vert snart erstatta av ein heilt ny båt.

Tidlegare i uka høyrde vi ryktar om at den nye båten skulle starta opp på måndag. Da Bergenskorrespondenten vår reiste frå byen til Øyo idag fekk vi opplyst at det er litt usikkert når båten vert levert frå verftet. Det vart utlyst namnekonkurranse for nybygget. Namnet er allereie bestemt, men reiarlaget held namnet strengt hemmeleg til den nye båten kjem i drift. (21.06.07)

Godt besøk i gjestehamna

bilde
Trangt om plassen i gjestehamna

Om det er mykje folk i Rosendal i pinsehelga har det og vore godt besøk på Øyo. Fem-seks båtar har overnatta no i pinsehelga. (28.05.07)

Høg flo igjen!

bilde
Moloen hos Leon idag 19. mai

Så kjem det høg flo, med sydaust og regn igjen - og det i midten av Mai. Rett nok er det langt frå rekorden i vinter, og i fylgje meterologisk institutt var tidevatnet ca 2 meter etter deira definisjonar. Sjå større bilete her> (19.05.07)

Samba på Marineset!

bilde
Ferja "Samba" henta gravemaskinen

Ikkje veit vi om maskinen på denne ferga går i samba-takt eller to-takt, men i alle fall la "Samba" idag til på Marineset for å henta gravemaskinen attende til fastlandet. (07.04.07)

Fullt hus på basaren!

bilde
Det var trangt om plassen på basaren!

Det vart fullt hus med dogg på vindauga og høg temperatur innomhus, slik det skal vera på ein basar. Mange flotte gevinstar, ikkje minst for dei minste. Og basaren ga overskot, slik at det no vert pengar til driftsutgiftar og vedlikehald. (07.04.07)

Utvida opningstid fredager

bilde
No kan du handla inn til helga på Øyo

I samband med den nye "ruto" som kjem til Øyo fredag kring 18.40 vil butikken no halda ope til båten har vore der. Dermed ligg det godt til rette for at handelslekkasjen til fastlandet vert redusert! (05.01.07)

Rødne har kjøpt Respons

bilde
Respons på veg til Øyo ein vakker vinterdag

Siste nytt er at reiarlaget Rødne som har starta opp Hardangerekspressen har kjøpt aksjane i Kvinnherad Båtservice AS - som altså mellom anna eig Respons. Reiarlaget vil vurdera om det er marknad for å nytta Respons i samband med charter-trafikk. Les meir på innsida.no (03.01.07)

Siste rutetur med Respons - BILETEKSTRA!

bilde
Johannes Tveitnes med barnebarn på siste turen fredag 29. desember.

Øyaposten var med på den historiske siste reisa med Respons i rute til Øyo fredag 29. desember. I nær 50 år har namnet Tveitnes vore knytt til transport til Øyo. Ein epoke er over når denne ruto vert teken over av den nye snøggbåten som skal gå til Bergen. Her kan du sjå BILETEKSTRA frå den siste turen. (30.12.06)

Helikopter i skytteltrafikk

bilde
Helikopter i skytteltrafikk mellom Seimsfoss og Kalven.

I den store flaumen av nyhende som kjem til redaksjonen, må vi beint fram tilstå at dette oppslaget har falle ut. Hendinga fann stad kring 9. desember: Nok ein gong er det helikopter-lyd å høyre på Øyo, for ikkje å seia Kalven. Til byggjeprosjektet i Kalvsundet har eit helikopter gått i skytteltrafikk i heile dag. Frå uautoriserte kjelder har vi fått opplyst at det dreier seg om trelast og fersk betong som har vorte frakta frå Seim til Kalvsundet.

Hjort er hjort!

Kvinnherad er den største hjorte-kommunen i landet med vel 1100 fellingsløyver. 19 av desse finn vi på Øyo. bilde Jaktleiar for Øye-valdet Øystein Ask har sendt oss ein kort rapport fra jakta i haust. Han kan mellom anna melda at det er godt med hjort på Øyo, og at dyra er sunne og friske. Les meir under "nytt nytt>".

Opningstid i jula

Ope frå 8-12 både julaften og nyårsaften.

Butikken held ope som vanleg gjennom heile romjula, med langope på fredag. Men julaften og nyttårsaften er det ope frå 8.00 til 12.00 (17.12.07)

Bokbåten redda!

Ein stor dag for alle som har engasjert seg for bokbåten!

Det har vore eit stort engasjement kring bokbåten. Fleire tusen har skreve under på lister og engasjert seg på andre måter. Og det har gitt resultat.

- Det er reaksjonar frå folk som gjer at vi no går inn for framleis å gje pengar til bokbåten, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) til NRK.

Da kan vi altså framleis få med oss åndeleg føde når vi er på handel i butikken! (10.12.07)

Rudolf over Melderskin?

copyright 2007 bjarne øymyr
Det var ikkje Rudolf, men faktisk eit fly...

Fredag kveld trodde fotografen at det var komen støv på biletbrikka. Eller kunne det vera Rudolf på veg frå Nordpolen? Sjå "nytt nytt>". (24.11.07)

Tjuvjakt på Kalven!

copyright 2007 bjarne øymyr
Truleg har dei nytta denne bryggja for å frakta bort kjøtet.

Rester etter ei kolle er funne på Kalven nær Fiskevikjo. Alt kjøt er fjerna - eit tydeleg teikn på tjuvjakt. Øyaposten utlovar no dusør: Eit gratis eksemplar av Øyaposten til den som kjem med opplysningar som fører til at saka vert oppklart! (21.11.07)

Nesten fullt på "ruto"

copyright 2007 bjarne øymyr
Trangt om plassen på Rygerfonn frå Bergen idag.

Passasjertala for Rygerfonn er gode. I ettermiddag reiste heile 87 passasjerar mellom Bergen og Rosendal. Heile seks av desse skulle til Øyo, noko som tilsvarer 40 prosent av folketalet her. Om ein skulle ha tilsvarande tal for resten av kommunen ville det seia vel 5000 passasjerar! (16.11.07)

Internett på rutebåten!

copyright 2007 bjarne øymyr
Her sjekker redaksjonen vermeldinga på yr.no i ettermiddag på veg til "Øyo". Vert det storm?

Rygerfonn har no fått trådlaust Internett. Reiser du over Vikjo med "kåneruto" kan du no både senda mail, lesa Øyaposten eller sjekke veret på yr.no. Denne notisen er faktisk skriven og lagt ut på nettet frå Rygerfonn i 35 knop no i ettermiddag! (08.11.07)

Stadig framgang på Marineset

copyright 2007 bjarne øymyr
Slik ser det ut no.

Ho vart ikkje ferdig til sommaren. Men no går det framover. Så neste sommar... (27.10.07)

Heller på taket

copyright 2007 bjarne øymyr
Slik ser det ut no.

På Kalven er det fleire byggjeprosjekt på gang. Her eit bilete frå eit av dei. Noe har det komen heller på taket! (15.10.07)

God start på jakta

Jan Ove debuterte med å skyte hjort for første gang

Øystein Ask kan rapportere om god start på hjortejakta. I september tok laget hans ut fire små hjort, ettersom viltnemnda tilrår at ein sparar dei største dyra med dei beste genane. Jan Ove (svigerson til Terje og Marie) skaut i år hjort for første gong. Sjå "nytt nytt>". (05.10.07)

Hamskifte på Stølen

copyright 2007 bjarne øymyr
Slik ser det ut på Stølen akkurat no!

På Stølen har det skjedd mykje dei siste vekene. Noko av kledninga måtte bytast, og no vert alt ført attende til det gamle. Sjå "nytt nytt>". (08.09.07)

Heldige kuer!

copyright 2007 bjarne øymyr
Heldige kuer beiter på Snilstveit!

I India har de hellige kuer. På Øyo er dei berre heldige! Ikkje så mange kuer i verda får gå omkring ute, stadig få nytt friskt gras, nyte ein fantastisk utsikt og slippe unna støy frå trafikk og anna bråk! På Øyo er det godt å vera ku, og! (19.08.07)

Kva er dette?

copyright 2007 bjarne øymyr
Nokon som veit kva dette er?

Kan dette vera ein sigarkuttar for dei verkeleg stormannsgale? I sommarnummeret av Øyaposten (på papir) spurde vi kva dette er. Til no har vi ikkje fått rett løysing, og difor legg vi her ut eit større og betre versjon av biletet som var på trykk. [Klikk her for større versjon av bildet.] (04.08.07)

Hol i skydekket observert

copyright 2007 bjarne øymyr
Her ser vi frå vikjo mot sør

Tirsdag i forrige veke vart dette holet i skydekket observert over Tverrfjell og Omvikdalen. Sidan har ingen sett noko meir til det. Om nokon av lesarane veit kor det har tatt vegen vil vi gjerne høyre om det. [Sjå her] (31.07.07)

Stor-fint besøk i gjestehamna

copyright 2007 bjarne øymyr
Flott gamal slupp på gjestbryggja

Denne flotte klassiske skonnertrigga sluppen la til kai på gjestebryggja i helga. [Sjå her] (29.07.07)

Nr. 2-07 i sal no!

bilde
No er avisa til sals i butikken!

I ettermiddag henta vi rykande ferske Øyapostar på trykkeriet og frakta dei over fjorden. No er altså avisa til sal i butikken. Vi har og trykt opp att Øyaposten nr. 2 2006. (13.07.07)

Ekstremsportveke på Øyo

copyright 2007 bjarne øymyr
Klar til avgang...

Ekstremsportveko på Voss er forlengst over. No har ein skvadron gjerdesmett-ungar teke over og driv med høyrisiko prøveflygingar på Øyo denne veko. [Sjå her] (19.07.07)

Utsiktsbenk på Storehaugen

foto: lars-martin kambe
Audun Kvandal Kambe og Magnus Kvandal nyt sola på den nye benken på Storehaugen på Kalven. foto: lars-martin kambe

Lars-Martin Kambe har sendt oss tips om at det er kome ein ny flott utsiktsbenk på Storehaugen. Storehaugen er høgste "nuten" på Kalven, omlag 50 meter over havet. (10.07.07)

"Extreme Makeover"

bilde
Sjekta vert heist i land frå "Oliv" tidligare i kveld.

Harald Oma har fått tak i eit restaureringsobjekt. Her heisar Johan Brigtsen sjekta i land frå "Oliv". [les meir] (22.06.07)

Dramatisk i båthavna!

bilde
Reiret har vore utsett for angrep

Ikkje lett å ale opp ungar på ein utliggar i båthamna. Av hensyn til reiret har Terje og Marie flytta "Tema" inn til kaien innst i hamna. Men det har vore røvarar på ferde. To av egga er borte, og dermed er det berre eit igjen. Det var mykje fuglebråk i hamna fredag kveld, noko som kan sjåast i samanheng med egg-forsvinninga. Men førebels er ingen mistenkte. Øyaposten følgjer saka. (15.06.07)

Ulovleg byggjing i strandsona?

bilde
Ei måke har bygd reir midt i båthamna!

Så langt vi erfarer har denne måka sett opp eit nytt "bygg" utan å søke om løyve på førehand... Les meir under "nytt nytt>" (28.05.07)

Roleg 17. mai-feiring!

bilde
Slik gjekk det føre seg før...

Så langt Øyaposten kjenner til vart det etter måten ein roleg 17. mai på Øyo. I år er det faktisk nøyaktig 50 år sidan det sist gjekk 17. mai-tog her. Det var nemleg i 1957 har vi fått opplyst. Sjå bilete frå 17. mai-tog under "gamalt nytt". (18.05.07)

Øyaposten nr 1-2007 i sal no

bilde
No kan du kjøpa Øyaposten på butikken!

Øyaposten nr 1-2007 er no i sal på butikken. Avisa er nett kome frå trykkeriet - og er full av rykande ferske gamle nyhende! (02.04.07)

GAMALT NYTT
Måleri frå Kalvsund

bilde
foto: røvde | måleri: johs. l. ness

"Nesen hev malt det og Røvde fotografert maleri" står det på framsida av dette kortet som vart sendt til USA. [Sjå gamalt nytt]

SNART SOMMAR?
Båtsesongen har starta!

bilde
Første båt i gjestehavna 13. januar! Klikk på bildet for biletserie.

Ein kan kanskje ikkje seia at badesesongen er rett rundt hjørnet, men no har i alle fall båtsesongen starta. Laurdag 13. januar kom årets første båt i gjestehamna - ein større havsiglar. Flott å sjå. Førebels er det ikkje er veldig trangt om plassen på badestranda! [Sjå bilete] (13.01.07)

Springflo igjen!

bilde
Slik så det ut i Naustvikjo fredag ettermiddag.

Jostein Snilstveit tok turen ned til Naustvikjo med kamera fredag ettermiddag. Her kan du sjå bileta han tok. (12.01.07)

Førstereis...
BILETEKSTRA!

bilde
Magne Snilstveit var første passasjer med den nye "ruto".

Klokka 16.15 i ettermiddag (1.1.07) klappa "Rygerfjord" til kai på Øyo. Første passasjer kan vel knappast kallast førstereisgut, det var nemleg ingen ringare enn Magne Snilstveit. Han hadde ingenting å utsetja på overfarten. Han kunne og fortelja at dei hadde TV ombord. Kjekt å ha om overfarten frå Rosendal skulle falle noko langdryg. Vi fekk opplyst at det framleis var ledige plassar på returen til Rosendal. Øyaposten har sjølvsagd laga eit eksklusivt biletekstra frå hendinga. [Sjå her!]. (01.01.07)

Høgt vatn!

bilde Det har vore mykje kraftig flo på Vestlandet i desember. Frå ein fotograf som ønsker å vera anonym har vi fått ein serie bilete som illustrerar kor høgt vatnet gjekk. Les meir under "nytt nytt>".

Uver og rotvelt

bilde
Brakjen som rotvelta gjorde ikkje større skade på omgjevnadane.

Helga har vore frisk når det gjeld ver og vind. Frå torsdag til søndag har det vore kraftig vind, og mykje regn. Øyaposten har ikkje fått meldingar om større problem knytt til uveret. Men like under Stølshaugen har ein brakje måtte gje tapt for vinden. Det var ein omlag to meter høg brakje som har velta like ut i vegen. Så langt Øyaposten kjenner til har det ikkje ført til problem for trafikkavviklinga, korkje sør- eller nordgåande, sjølv om kjørebanen har vorte noko innsnevra. (26.11.06)