Hobbo (Herborg)

Hobbo - eller Herborg som ho eigentleg heite - kom til Øyo i 1969. Det var Paul og Leif Skorpen som nytta ho til fiske og seinare som mjølkebåt. Mange unge øyarar fekk oppleva å vera med på sildafiskje. I neste nummer av Øyaposten (papirutgåva) som kjem i påska kan du lesa ein djuptpøyande artikkel om båten og livet ombord.
 

klikk for enda større bilete

Bryllaup anno 1914

Gamle bilete kan etter ei tid gå i oppløysing som her. Det er likevel morosamt å sjå kleda og alvoret. Biletet er teke utanfor Kvinnherad kyrkje i 1914. Brudeparet er Kristi Kalven og Lars Johan Omvik. tv. fyrste rad - far til brudgommen Samson Larson Omvik. Dei to brurepikene er systrene til brudeparet t.v. Marie (Mari) Omvik og Alis Kalven, Anders Kalven, Ragnhild Kalven. Presten må vera Nils Andreas Andersen. Ser de andre kjente? Send mail til tips@oyaposten.no NB! Klikk på bildet for å sjå ein stor versjon.
 

bilde

Johs L. Ness måleri på postkort

Mange fekk sikkert med seg utstillinga til Ness på Baroniet sist sommer. Her er eit maleri frå Kalvsundet som ikkje var på utstillinga. På kortet står det "Nesen hev malt det og Røvde fotografert maleri". Bildet er frå eit postkort som vart send til far til Sigrid Lepsøe da han var i USA. Ikkje verst at kortet kom fram når adressa var så enkel som dette: "Sigurd Snilstveit c/o Knut Hatteberg Ware Iowa, U.S.A."
 

bilde

17 mai på Øyo

17. mai tog 1951-52. Toget gjekk frå kaien og ut til Perane, inn til Snilstveit og attende til skulehuset. Her passerer dei Andersløo.

Nokre namn kan vera feil, men vi veit at flaggberar er Johan Eidsvik, så kjem baketter i nokonlunde rekkefylje Harald Snilstveit, Johannes Førdedal, Knut Frimannslund, Usikker, Ingvald Førdedal, Gunnar Halvard Førdedal, Henry Eidsvik, Malvin Kalven, Usikker, Jorunn Snilstveit, Hilda Eidsvik, Ole Jan Olsen, Anne Grete Eidsvik, Usikker bak flaggd, Usikker, Ragnhild Øye, Usikker, Svein Eidsvik, Øyulf Førdedal, Jens Eidsvik, Signe Eidsvik, Annbjørg Kalven, Jens Øye, Olga Førdedal, Knut Eidsvik, Anna Snilstveit, Klara Kalven, Anna Eidsvik.