Makrell, makrell!
KOSTHOLD: Det er meldt inn solide makrellfangstar den siste tida, og vi reknar no med at omega-3-behovet til øyarane er dekkja inn for eit par år framover. (24.07.10)
Langope på butikken i sommar!
NÆRINGSLIV: Bjørn Arne held ope lenge i sommar. Oppdager du at du er gått tom for solkrem utpå ettermiddagen er det framleis håp. No kan du handle heilt fram til 18.45 på kvardager og 17.45 på laurdager. Sjå i kolonna til høgre. (10.07.10)
Øyaposten lanserar ØyoTube
KULTUR: Redaksjonen vart gledeleg overraska då vi fekk tilsendt eit lydklipp frå Finland! Innhaldet var nemleg Skorpo-songen som vi presenterte i nr. 1 / 2009. Ein song om ein minnerik ungdomstur til Skorpo under 2. verdskrig. Det var ingen som huska heile teksten, men Torleiv Snilstveit klarte å rekonstruera han. Og det var nettopp Torleiv som hadde vore i Finland og gjort opptak av songen. No kan du - for første gong på Internett - høyre songen her >> (24.05.10)
Ikkje tog, men båt på 17. mai
SAMFERDSLE: Sidan det ikkje går tog på Øyo, korkje på 17. mai eller andre dagar, har Rødne sett opp søndagsrute på 17. mai. Så om du har tenkt å vera på Øyo den helga kan du reisa over vikjo som vanleg på sundagar. Og da burde vel sjansane vera gode for å rekka toget og! (06.05.10)
Basar på Skjertorsdag
KULTUR: Ingen påske utan basar i skulehuset. No er alt klart - til fullt hus med åresal og utlodning og flotte gevinstar. Og tid til ein kaffekopp og ein drøs. Skjertorsdag kl. 17.00. (31.03.10)
Påskenummeret kjem måndag
MASSEMEDIA: Redaksjonen melder at arbeidet med påskenummeret er i rute, og avisa går snart i trykken. Det tyder at du kan få tak i ein rykande fersk papirutgåva av Øyaposten på butikken frå måndag 29. mars. (27.03.10)
Som på høgfjellet!
EKSTREMVÆR: Idag likna rutebåtkaia meir på perrongen på Finse enn ei bryggje i Hardangerfjorden. Lokale brøytemannskaper klarte imidlertid å halda snøen unna, og sikra langt betre "framkommeligheit" enn det ein finn på fastlandet. Såleis vart det ingen forseinkinger i trafikken, korkje på sjø eller land. (21.02.10)
Ørn på Kalven
UT I NATUREN: To ørnar - altså eit ørnepar - har blitt observert på Kalven ei tid no. Eit flott og majestetisk syn. Det ser og ut til at dei har slektningar. Ørnen på biletet vart nemleg fotografert på Ølvesida av vår utsendte i føremiddag. (29.12.09)
Bokbåten på jubileumsferd!
KULTUR: Bokbåten var på jubileumsferd på Øyo i november. Nydeleg haustver og godt frammøte. Her var det tid for ein god drøs, og jakt på gode bøker. Sjå eigen biletserie. (14.12.09)
JUL I ROSENDAL
Ekstra julebåt frå Øyo på laurdag!
SAMFERDSLE: I samband med arrangementet Jul i Rosendal som går av stabelen på Skåla denne helga vil det bli sett opp ekstrabåt slik at alle øyarar som ønskjer det kan ta ein dagstur på marknaden. Rett nok vil båten og gå innom Bergen på vegen, så ein må ringa og melda frå om ein ynskjer å bli med. For meir detaljar: sjå her >> (26.11.09)
TATT AV VINDEN I
Paraply med bergensmotiv sakna!
EKSTREMVER: Ikkje godt å seia om det er sydausten eller Mary Poppins som har vore på ferde. Men i alle høve forsvann ein 30 år gamal paraply med høg affeksjonsverdi frå Marineset sist helg. Dvs. sydaust? Det bles vel heller nordavind då. Så kanskje er det mest truleg at han har dreve over til fastlandet? Om du ser ein fastlending med paraply med gamalt bergensmotiv kan det vera grunn til å fatte mistanke. For meir detaljar: sjå etterlysing i gjesteboka>> (22.08.09)
Øyaposten: Papirutgåva i sal no
MEDIA: No er Øyaposten ferdig trykt og på plass i butikken. Så no kan du få både is og fersk avis på Øyo! Merk at papirutgåva er noko heilt anna enn nettversjonen. Der finn du dei djuptpløyande artiklane, og ikkje minst historisk stoff.
Dei som av ulike grunner ikkje kjem seg over til butikken på Øyo kan kjøpa Øyaposten hjå Galleri Guddal i Rosendal. (16.07.09)
Snilstveitøy oppvekstsenter
OPPVEKST: Båthamna er no blitt det reinaste oppvekstsenteret, med opptil fleire nye "småbarnsfamiliar" som har flytta inn - på 0,4 kvadrat. Om det skuldast treig oppfølging frå NAV veit vi ikkje, men om denne utviklinga held fram kan dette verta ei utfordring i samband med ny skulestruktur i kommunen! (21.06.09)
Nybygg i Krikjen
BÅTPRODUKSJON: Harald Oma har no lagt siste hand på ein strålande flott strandebarmar som han har bygd på låven i Krikjen. Færingen er omlag 17 fot lang og bygd i furu på eik. Rett og slett eit flytande møbel! Og om det fristar kan vi nemna at båten er for sal... (03.06.09)
Ingen influensa i Svinaskogen!
HELSE: Svinaskogen ligg sør mot Brakjaneset, og vi har høyrd "nys" om hosting derfra. Men som vi tydeleg kan sjå på dette bildet som vart teken i Svinaskogen i ettermiddag er det ingen teikn til influensa der. Bildet kan sjølvsagt fort endra seg, og han er heller ikkje alltid like lett å få auge på. Likevel kan vi vel seia det slik at om fleire hadde hatt svina på skogen ville problemet vore langt mindre... (03.05.09)
Stjerner i sikte!
ASTRONOMI: Øyaposten har vore med Kenneth Brufladt og Rita Knutsen på stjernekikking! Ei utanomjordisk oppleving! (20.04.09). LES MEIR...
Ny rekord på basaren!
SKULE: Årane gjekk varme under basaren i skulehuset skjertorsdag. Truleg var det omlag 70 personer til stades, både inne, i ganga og nokre fekk benkeplass ute på verandaen. Og salet gjekk unna! Resultatet tyder på at finanskrisa enno ikkje har nådd skulehuset. Det vart nemleg ny rekord med heile kr. 14.840,-. Då vert det nok penger til straum, forsikring og naudsynt vedlikehald i året som kjem. (11.04.09)
Langope i Påskeveko!
NÆRINGSLIV: I Øyaposten nr 1/2009 som kom i sal tidligare i kveld er det ein trykkfeil når det gjeld kva tid butikken er open. For at det ikkje skal vera noko tvil: I påskeveko er butikken ope
mondag kl. 0800-1200+1330-1830
tirsdag kl. 0800-1200+13.30-18.30
onsdag kl. 0800-1200+1330-1800
påskeaften kl. 0800-1500.
God handel! (03.04.09)
Dagleg fergerute til Øyo
SAMFERDSLE 1. APRIL: Som kjent har kommunen fått til ei tredje ferge på sambandet Løfall-Gjermundshavn i sommar. Denne ferga har ledig kapasitet utenom rushtida - og dermed har ordføraren gjort avtale med Tide om to daglege avganger til Øyo. Ferga som går kl. 11 frå Løfall vil først gå innom Øyo før ho fortsetter til Gjermundshavn. Tilsvarande vil ferga med avgang frå Gjermundshavn kl. 20 gå innom Øyo etter Varaldsøy. Det såkala Firkantsambandet vil vera operativt i perioden 20. juni - 20. august. Trafikksjefen i Tide, Bjørn Tidemand, er spent på korleis trafikken vil utvikla seg. (01.04.09)
(Merk at denne notisen vart publisert 1. april)
Ny forsking om middagskvil
FORSKING: No har amerikanske forskarar på eit universitet i California forska seg fram til noko som har vore kjent på Øyo i generasjonar. Etter omfattande studiar har dei nemleg konkludert med at ein nittiminutters kvil med litt REM-søvn midt på dagen gjev vesentlig betre humør og mindre stressrelatert sinne og angst. Vi berre minnar om at butikken på Øyo faktisk er stengt i nitti minutter midt på dagen. Tilfeldig? Redaksjonen var vel strengt tatt i tvil om denne nyhenda skulle plasserast i kategorien "Forsking" - eller under "Gamalt nytt". (12.03.09)
Nytt liv for "Barmaslupen"
SJØFART: Barmaslupen har vore oppe i Krikjen i vinter til full overhaling. Når sydausten har blåst frå seg og vinteren sluppet taket er det klart for sjøsetting. (08.03.09). LES MEIR...
Ekstremvær i februar
EKSTREMVÆR: Bjørn Arne har fulgt med på versituasjonen på Øyo, og gjort sine observasjonar. I februar har det ligget snø på bakken i heile 18 dagar i strekk. Ein må langt tilbake - truleg heilt til 80-talet - for å finna ein februar månad med så mykje "vinter". (08.03.09)
Sløydkurs på Snikkar-Øyro
GAMALT NYTT: Mange har gjerne høyrt om sløydkursa som vart arrangert rundt om i mellomkrigstida. Mangesysleriet vart utvida. No skulle ein kunne spe på jordbruk og fiske med snekkararbeid. Noko å tenkja på i dag kor krisepakkar igjen er aktuelt tema. (12.01.09). LES MEIR...
Straumstans!
INFRASTRUKTUR: Omlag kl. 19.52 vart det mørkt på Øyo. Men det var og mørkt på Skeie, Seim, Omvikdalen og Dimmelsvik. Heile fire gonger kom straumen att - men berre for nokre få sekund - før han omlag kl. 20.56 kom att permanent. (30.12.08)
Langope før jul
HANDEL: Bjørn Arne held langope i butikken før jul. Har du til dømes glemt natron til julebaksten kan du handla heilt til klokka halv sju, både mandag og tirsdag. Julafta er det ope frå 8-12, medan det laurdag 27. desember som vanleg ope frå 9-12 og 13.30-15.00. (21.12.08)
Ufo på Øyo?
UTANOMJORDISK: Å kalla det telefonstorm er kanskje å ta litt hardt i, men Øyaposten har i alle fall fått EIN telefon med spørsmål om det er ein Ufo som har landa på Øyo. Kring Øye kan ein tydelig sjå ein mystisk ljosformasjon. Ikkje mindre interessant vert det når vi ser at ljosa formar ein liggjande "S"! Øyaposten har utført gravande journalistikk, og forklaring på fenomenet er at kraftlaget har vore på Øyo for å skifte ljosperer og ljosfølarara langs vegen. Og dei har bytta til orange pærar! Dermed ser ting litt annleis ut. Men den S-en... [Meir...] (09.11.08)
Vegen vøla
SAMFERDSLE: Dei siste vekene har det skjedd mykje på samferdslesektoren. Vegen ned til båthamna er no gruslagt - og jamn og fin!. Vegen opp mot Snilstveit som vart tatt av uveret er og reparert. So no kjem ein fram overalt - og om ein har fire hjul! (09.11.08)
Stormen tok vegen
SAMFERDSLE: Grunna uver gjekk Rennebekken - som går forbi Torane - over sine bredder og fann eit nytt løp i det eine hjulsporet på vegen. Dermed grov vatnet ei 30 cm djup renne i ca. 100 meters lengde, og frakta grusen ned i hagen på Stølen. No er det ikkje råd å komme fram med firehjulte kjøretøy. Heldigvis er det ikkje meldt om andre alvorlege skader etter uveret på Øyo. [sjå her...] (26.10.08)
Og jakta går sin gang...
ØYO: Jakta er i god gjenge, og Øystein Ask har sendt oss ein biletrapport frå livet i villmarka. [sjå her...] (05.10.08)
Uavhjort i hjortejakta!
ØYO: Hjortejakta starta onsdag 10. september, og det har vore høg aktivitet på Øyo. Mandag morgon er stillinga fem - fem til hjortevalda i Øye og Snilstveit/Barmen. Faktisk har begge valda teke ut nett same type dyr; to kalvar, to pikhydningar og ei kolle. (15.09.08)
Fleire stjernestopp
- no og på laurdag
RYGERFONN: Når ein er på Øyo er det kanskje ikkje alltid lett å forstå kvifor ein eigentleg skal reisa til fastlandet. Men no vert det i alle fall enklare å koma seg raskt attende til Øyo. Nytt er stjernestopp på laurdag - og ein kan reisa tidleg onsdag morgeon. [Fleire detaljar...] (11.09.08)
Gullbryllaup på Snilstveit
ØYO: Ikkje kvar dag ein opplever gullbryllaup på Øyo. No i august har Åshild og Magne Snilstveit vore gifte i 50 år. Dagen vart feira litt tidlegare i sommar då alle - så nær som ein - av etterslekta var på plass. Vi gratulerar! (01.09.08)
"Badetemperatur" på nettet
Nei, det er ikkje berre for at Øyarane skal få oppdaterte badetemperaturar at Hardangerfjordprosjektet har sett ut ein observasjonsbøye utanfor Øye/Kalven. Bøya målar vind, straum, saltinnhald og temperatur i sjø og luft, og skal gi auka innsikt når det gjeld naturleg miljøvariasjon i fjorden. Målingane vert oppdatert på Internett kvart tiande minutt.
LINK:
• "Badetemperatur", vind, straum m.m.
• Om Hardangerfjordprosjektet.
Øyo - 175 tonn tyngre idag!
Nei, dei kom ikkje berre fordi butikken har langope i sommar. Idag vart Øyo nemleg 175 tonn tyngre. Så mykje pukk og singel vart frakta til Oppigarden, der to nye hytter er på gang. (19.07.08)
Ferjekluss kan gi feriekluss
Tide valde plutseleg å ta ut ekstraferja som skulle hjelpa til med å svelga unna trafikken på Løfall-Gjermundshavn. I morgon startar ein av dei travlaste helgane i heile året - truleg utan ekstra kapasitet. Det tyder lange køer og biler som må "stå over". På nettsida til Tide torsdag kveld går det fram at det er høgst usikkert når ferja kjem tilbake i drift. (10.07.08)
OPPDATERING: 17. juli vart MF "Utstein" sett inn som ekstraferje. Dermed går trafikken som normalt.
D/S Børøysund på jubileumsferd
Flotte skip står no i kø for å visa seg fram for øyarane. Etter overnatting i Rosendal gjekk D/S Børøysund fredag over Vikjo og inn i Storsundet, med neste stopp Bergen. Båten vart bygd i 1908 og er mykje på farten i jubileumsåret. (30.06.08)
BILETEKSTRA
Statsraad på vitjing
Om det skuldast regjeringskabalen til Stoltenberg veit vi ikkje, men uansett kom Statsraaden på vitjing på Vikjo og gjekk gjennom Storsund laurdagen. Men som andre statsrådar på vitjing i distrikta hadde heller ikkje Lehmkuhl'en særleg mykje tid til å stoppa undervegs. Men eit flott skue var det. [Sjå biletekstra] (21.06.08)
Øyakviss
På biletet ser vi to båtar på vikjo. Vi spør: Kva for ein av desse to båtane høyrer ikkje heime på Øyo. (Sjå stort bilde i bildeserien "øyo idag 1. juni 2008".) Alle som svarar rett har vunne og kan ta seg eit gratis bad på Evjo. (01.06.08)
Kva var dette?
Her kjem løysinga for dei som ikkje har fått tak i papirutgåva av Nr. 1/08. Siri og Sigbjørn i Vetle Essvikjo, der reidskapen høyrer heime, kan fortelja at han vart nytta for å laga sukkarbitar. Ein kokte sukker, laga stive harde flak, og nytta denne for å skjera dei opp i bitar. (02.05.08)
Ørn over Svinaskogen
Det er eit vakkert og majestetisk syn å sjå ørna sveva på himmelen. I ettermiddag kom ho ut over Svinaskogen og flaug lenge i ring kring eit eller anna i nærleiken av Nilsaskjeret. Kva det var veit vi ikkje - men eit vakkert syn var det! Rovfuglkompetansen i redaksjonen er noko avgrensa. Nokon som veit om dette er ein havørn? (11.04.08)
Tau i propellen
Rygerfonn var i godt sig ut frå Skåla då ho plutseleg stoppa opp, og vart liggjande og driva. Etter ei stund kom dei i gang att, men gjekk for sakte fart over vikjo og var framme først kl. 18.50. Dramatikken var ikkje større enn at dei hadde fått tau i propellen. Det har skjedd før, og vi reknar med at problemet no er løyst. (28.03.08)
Truleg ny rekord
Truleg er alle rekorder no slegne. Frå informerte kjelder veit vi at 21 personar reiste frå Øyo til Skåla i formiddag. Same kjelder meiner at heile 38 personar anten kom frå Skåla, eller reiste videre mot Flesland og Bergen kl. 14.25. I fylgje kapteinen på Rygerfonn har dei ingen planar om å setje inn større kapasitet over vikjo med det første. (19.03.08)
Utvida nummer av Øyaposten!
Øyaposten nr 1/2008 er utvida frå 12 til 16 sider for å få med alt det gode stoffet - om fiske, om handel, om stadnamn, gamalt nytt frå 1600-talet og mykje anna. Avisa går i trykken til uka, og vil vera å finna i butikken frå mandag 17. mars. Vi vil og trykke opp att nr. 1/2006 som har vore utseld. For dei som berre kjenner nettutgåva: Det er papirutgåva som ER sjølve Øyaposten, og det er der ein finn dei "djutpløyande" artiklane - ikkje minst om livet på Øyo i farne tider. (09.03.08)
Rydding langs linja
Nei det er nok ikkje nokon kunst-installasjon, men berre furua ovafor Sigrid som har fått seg ein omgang med avansert "hekksaks"... [Sjå her] (07.03.08)
Ny båthavn i Rosendal
Fylkesmannen har avvist klagane som hindra byggjestart for ny båthavn i Rosendal. Nokre fleire godkjenningar må til, men Øyvind Lernes som har leia arbeidet håpar at havna kan vera klar til sommaren. Det er planlagt 50-60 faste plassar, og kring 70 gjesteplassar. Dermed kan det bli enklare for Øyarane å koma seg i land på Skåla sommarsdagen. (01.03.08)
Gamalt nytt: Hobbo (Herborg)
I neste nummer av Øyaposten kjem det ein lengre artikkel om Hobbo - eller Herborg som var det offisielle namnet. [Sjå her] (02.03.08)
Nye benker i skulehuset
Produksjon av nye benker til skulehuset er i full gang i Krikjen. No vert det fleire sitjeplassar på påskebasaren. [Sjå her](18.02.08)
Applaus for Rygerkongen!
Nei, bildet syner ikkje snøstorm på Hardangervidda, men derimot Rygerkongen i forsøk på å leggja til kai i kraftig uver i ettermiddag! Vi trodde dei hadde gitt opp, men på fjerde forsøk gjekk det. Tre passasjerar vert sette i land på rekordtid. All honnør til mannskapet ombord! (04.01.08)
Staumbrot!
I ettermiddag vart det meste ganske svart då straumen gjekk i femtida. På Seim og i Omvikdalen vart det og heilt svart. Men etter 20 minutter kom straumen attende. (04.01.08)
Godt Nytt År!
Redaksjonen vil takka alle lesarar for 2007 og ynskje alt godt i det nye året. Takk for alle innspel og kommentarar i året som gjekk. Kjekt å vita at det er nokon som les Øyaposten, både på nett og papirutgåva! (02.01.08)
Ein svale gjer LITT sommar!
EKSTREMVER OG ZOOLOGI: Etter ei frisk natt med sydaust og regn og blåst vakna vi idag opp til ein fantastisk flott sommardag. Vi ser ikkje bort frå at det kan ha vore denne einslege svalen på skulekaien som har hatt ein finger med i spelet. Men svalen letta og flaug lågt over vatnet....og i morgo tyknar det til att... (10.07.10)
Den store vårreingjeringa!
MILJØ: No er alt klart for den store ryddesjauen. Heile fem kontainarar er plasserte på kaien. Så no er det berre å gå i skjykkjo og låven og boden og kva det skal vera. Alt ein ikkje har bruk for kan ein no plassera i containarane på kaia. Med slik effektivitet for å bli kvitt gamalt skrot spørst det vel om ikkje riksantikvaren må på bana for å verna om bråtebrenninga - ein skikk som no fort kan dø ut. (07.05.10)
Sjømannsskatt for øyarar!
ØKONOMI: Den nye Fylkesmannen Lars Sponheim ligg ikkje på latsida. No har han allereie sett i verk tiltak for at alle som bur på øyer i Hordaland skal få sjømannsskatt. Førebels vert dette ei prøveordning som vil omfatta øyene Snilstveitøy, Kalven, Skorpo, Fjelberg og Sild. (01.04.10) NB! Merk dato for publisering...
Langope i påska
NÆRINGSLIV: Bjørn Arne har fylt opp butikken med all slags godsaker til påska. Og no vert det langope i påskeveka. Måndag og tirsdag 8-12+13.30-18.45. Onsdag 8-12+13.30-18.00. Påskeafta samanhengande ope frå 8-15. (27.03.10)
Stor helgeutfart i skiløypa!
SPORT OG FRITID: Skiutfarten har vore stor dei siste helgane - truleg større enn på fleire tiår! Særleg er løypa ut mot Essvikjo blitt populær - sjølv om det ikkje nett er tale om kø-tilstandar. Tilhøva er særdeles bra - men Øyaposten vil komma med ei oppmoding: Vi vil med dette henstille til all hjort i området om å ikkje tråkka midt i skisporet! (24.01.10)
Ope 9-12 på nyttårsaften
NÆRINGSLIV: På den siste dagen i året er butikken ope frå 9 til 12. Om ein skal finna plass til å parkera skia kan det nok lønna seg å vera tidleg ute! (28.12.09)
Vinter på Øyo!
EKSTREMVER: Ein fantastisk dag på Øyo med snø, byger og sol. Skiftande og vakkert ver! Og no skal det bli skikkelig kaldt! Ein kan vel spørja seg om forhandlarane som var i København nyleg kanskje tok litt for mykje møllers tran? (28.12.09)
Utan straum i 36 timar
INFRASTRUKTUR: Den kvite jula er vakker - men har sin pris. I helga var Øyo utan straum i 36 timar! Årsaka var det kraftige uveret i helga som mellom anna førte til at trær velta over linja. Slikt tar det tid å rydda opp i, og Kvinnherad Energi måtte mellom anna hjelpa seg med helikopter for å få retta feilen. (22.12.09)
Jakta over
JAKT: Jakta er over og vel så det - og alle ser ut til å vera svært nøgde. I år var det faktisk eit par dyr igjen på kvotane. Men alle som ferdast på Øyo utan gevær kan forsikra om at det ikkje er mangel på dyr! Dei er det nok av - så det er nok heller uflaks som har spela inn. (05.12.09)
Jaktstart
JAKT: Øyaposten har fått forsikringar om at det framleis er trygt å ferdast på øyo - men berre for dei som kan gå på to bein. Første uka vart det skote tre dyr i Øye-valdet. Frå venstre ser vi Øystein Ask, Svein Eidsvik (med sin første hjort) og Ove Mæle (28.09.09)
TATT AV VINDEN II
Lysebåten velta!
EKSTREMVER: Det var frisk sydaust då Brislingbruket Sjøhav dro ut frå Rosendal torsdag kveld. Dei kom ikkje langt ut på vikjo før lysebåten vart teken av ei rosse og kvelva. Det var heller ikkje lett å få han på rett kjøl igjen i den kraftige vinden. Det enda med at dei måtte skaffa seg ny lysebåt. Sjå biletserie for 20. august. >> (21.08.09)
Har nokon kutta straumen?
INFRASTRUKTUR: Nei - det er ikkje trådlaust breiband som er kome til Øyo, og heller ikkje heimelaga tv-antenne - men heilt klart nokon som har etterlate seg nokre lause trådar. Forklaringa er at Kvinnherad Energi ordnar opp på leidningsnettet for å sikra stabil leveranse. (19.08.09).
Langope i sommar
NÆRINGSLIV: Bjørn Arne held langope i sommar. Frå 22. juni kan du handla is og brød og kva det skulle vera fram til 18.30 på kvardager, og til klokka 16 på laurdag. Sjå i spalta til høgre for meir detaljar. (19.06.09).
Kor er fylkesmannen?
NATURVERN: Kvart år skjer det igjen. Strandsona er populær, og nokon freistar å omgå regelverket og ta saka i eiga hand. Nok eit døme på dette fann vi på utstikkar nr. 9, der ei måke har etablert seg med 3 egg. Sidan det dreiar seg om midlertidig oppsett byggverk i risikosona, får vi håpe egga kjem seg i lufta snarast råd. (07.06.09).
Rygerfonn gjennom Kalvsund
SAMFERDSLE: Rygerfonn har dei siste dagane gått gjennom Kalvsund når det har vore passasjerar til Øyo. Skipper Kjell Engdal seier at det går vel så raskt gjennom sundet som å gå rundt Tånjen - sjølv om dei går med kraftig redusert fart. (20.05.09). LES MEIR...
Barmaslupen sjøsett
KYSTKULTUR: Denne veko fekk Barmaslupen atter kontakt med sitt rette element, etter å ha fått full overhaling i løo i Krikjen. Båten skin som eit smykke! Leon har vore i skogen og funne emne til mast, og etter kvart vert det nok seil og. Saka vert oppdatert - om ikkje så brått. (22.04.09)
Strålande dugnadsinnsats!
BÅTLIV: Omlag 20 personar var i sving under dugnaden i båthamna påskeaften. Og innsatsen var upåklageleg. Grushauger vart planert ut, naustet reinska og "tonnevis" med eigarlause effektar vart kjøyrd bort. No er alt klart for sommaren! (11.04.09)
Basar på Skjertorsdag
KULTUR: Som vanleg blir det basar i skulehuset på Skjertorsdag kl. 1700. Det vert åresal og flotte gevinster til barn i alle aldre. Og enkel servering. Inntekten går til vedlikehald av skulehuset. Vel møtt! (07.04.09)
Øyaposten på papir - Nr. 01/2009
MEDIENYTT: Redaksjonen melder at arbeidet med påskenummeret er i rute, og avisa går venteleg i trykken denne veka. Det betyr at du kan få tak i ein rykande fersk papirutgåva av Øyaposten på butikken frå laurdag 4. april. (30.03.09)
Tippe-millionar til skulehuset
KULTUR: Vel, kanskje ikkje millionar, men nokre kroner kan det bli til maling og anna vedlikehald. No kan du nemleg velja at skulehuset skal få fem prosent av det kupongen din koster - den såkalla "grasrotandelen". Organisasjonsnummeret er 993640077. Om nokon i tillegg ønskjer å gje bort heile million-gevinsten, har vi forstått det slik at skulehuskommiteen stiller seg positiv til det og. (08.03.09)
EPOS kjem 23. mars
KULTUR: Da er det igjen tid for å grava fram bøker frå bokhyller, skap og "coffee tables" og levera på butikken. Mandag 23. mars kl. 16 kjem nemleg eit skip lasta med bøker - som begynner på alle bokstaver. Og Bjørn Arne vil plukka ut ei ny ladning bøker for utlån i butikken. (04.03.09)
Nettstatistikk 2008
Øyaposten knusar BT!
No har og Øyaposten studert loggfilane for 2008. Sjølv om slike tal nok blir målt på ulike måtar i ulike redaksjonar syner analysane så langt at Øyaposten slår knockout på Bergens Tidende når det gjeld talet på brukarsesjonar. Det vil seia om ein tar folketalet med i reknestykket. (28.01.09). LES MEIR...
Takstauke etter nyttår
SAMFERDSLE: Fylkeskommunen og Skyss har no gjort kjend dei nye takstane for 2009. I gjennomsnitt aukar takstane 2,5 prosent. Men for "ruto" vert prisauken heile 4,35 prosent - det vil seia ei krone meir enn no. Tur-retur koster kr. 48,-. Noko rimeligare kjem ein ut om ein reiser til Øyo i 2008 med retur i 2009. Då kjem ein ned i kr. 47,-. (22.12.08)
God jul!
HØGTID: Redaksjonen ynskjer alle lesarar og "surfarar" ei riktig god jul! Takk for alle tilbakemeldingar, og takk til alle som har hjulpe til med å lage avisa. Øyaposten på nett vil halda fram med å oppdatera viktige nyhende i romjula. Neste utgåve på papir kjem i påska 2009. Ho hoooo..... (21.12.08)
Snøfall utan trafikk-kaos
SAMFERDSLE: I Bergen vart det kaos på vegane så snart dei første snøfnugga kom. På Øyo er tilstandane litt meir siviliserte. Her har trafikken gått heilt som vanleg, trass i at opptil fleire kjøretøy har vore ute på vegen! (21.11.08)
EPOS kjem 22. november!
KULTUR: I fjor haust ville fylkeskommunen kutta vekk bokbåten. Takk vere innsats frå mange hald vart ordninga redda. Laurdag 22. november kjem Epos til Øyo - etter først å ha vitja Varaldsøy. Mellom klokka 13 og 14 vil han liggja til kai. Og Bjørn Arne vil henta inn "ferske" bøker til utlån på butikken. (04.11.08) [Sjå og bokbåtekstra frå mars]
Vegen lagt i grus!
SAMFERDSLE: Altså lagt i grus...på den positive måten. Vegen ned til evjo treng grusing. No er grusen komen til Øyo - og lass på lass ligg klare i båthamna. Det er tid for meir dugnadsinnsats. (07.10.08)
Rygerfonn gjennom Kalvsund
Rygerfonn har dei siste dagane gått gjennom Kalvsund når det har vore passasjerar til Øyo. Skipper Kjell Engdal seier at det går vel så raskt gjennom sundet som å gå rundt Tånjen - sjølv om dei går med kraftig redusert fart. Og ikkje minst er det ei flott rute - både for mannskap og passasjerar.
KULTUR: Ruslar du på vegen attmed Rennebekkjen og høyrer smektande virtuose pianotonar har det ikkje nødvendigvis rabla for deg. Forklaringa finn du her....(14.09.08)
LEITEAKSJON
Tyskarar søkte ly på Kalven
Både SeaKing helikopter, redningsskøyte, kystvakta og lokale båtar var i sving for å leite etter tre tyskarar som hadde dratt ut i ein 14 fots askeladden. Det blåste godt, og i mørkret hadde dei søkt ly på kalven - der dei vart funnen i halv ellevetida torsdag kveld. Etter kva vi forstår hadde dei ikkje mobiltelefon... (12.09.08)
MEIR DUGNAD
Vøling av skulekaia
VETØY: Uveret i januar tok hardt for seg av plankane på skulekaia - og det har nærast vore ein risikosport å lenda her. Men takk vera dugnadsånd - denne gongen med Anders Havnelid og Ole Vasslid i spissen - er skulekaia no flottare enn ho nokon gong har vore. Det manglar berre ein raud laupar, så er det klart for kongeskipet! [Meir...] (05.09.08)
Blekksprut-invasjon?
KALVETÅNJEN: Då redaksjonen trudde lyren til fiskesuppa var redda, var det noko heilt anna som kom til overflata. Nemleg ein blekksprut. Rett nok hadde han ikkje fem meter lange armar og spruta blekk slik som i Donald - men ei noko uvanleg oppleving var det. Og ikkje nok med ein - vi fekk faktisk to rett etter kvarandre. Etter konsultasjon med Øyapostens marinbiologiske talsmann får vi vite at ein fekk ein del akkar før i tida - så det er ikkje heilt uvanleg. -Akkarat ja! (23.08.08)
Skulehuset malt på dugnad
Med god dugnadsinnsats vart skulehuset malt nesten ferdig denne veko. Torsdag var det skraping og flekking, fredag kom malinga på plass. No gjenstår det berre litt i taket i bislaget. (01.08.08)
Sommarutgåva i sal no!
No er det ikkje berre ferske brød du kan kjøpa på butikken. Fredag frå ca. halv tre kan du og kjøpa fersk avis. Då kjem sommernummeret av Øyaposten med Rygerfonn over vikjo. Og butikken er ope til 18.45. (11.07.08)
Ekstraferje over fjorden
Mange har opplevd å måtte stå over både ei og to ferjer på Gjermundshavn eller Løfall. No er sjansane for å komma med større. M/F Tysnes er nemleg satt inn som ekstraferje på strekninga til ut i august. Så får vi sjå om lensmannen slepp å reisa til Løfall for å roe gemyttane i ferjekøen denne sommaren. [Rutetabell] (03.07.08)
Langope - kvar dag - heile sommaren!
Klokka er seks, du har gløymd å kjøpa melk eller grillpølser eller is eller....kva det no skal vera. No er det ikkje lenger noko problem. Bjørn Arne utvidar opningstida kvar einaste dag i heile sommar, og stenger ikkje før klokka er 18.30. Det tyder at du kan handle i butikken om du tar "kveldsruto" til Øyo, kva dag det skal vera. Og laurdagen er det ope heilt til kl. 16! (26.06.08)
EKSTRA BILETSERIE:
Slåtten redda i siste liten!
Siri og Sigbjørn var i helga på Snilstveit for å sikra seg ekstra fór til sauane. Dei fekk berga høyet før regnet satte inn. [Sjå biletekstra!] (09.06.08)
Du ringer - Rygerfonn bringer!
Med unntak av ruto på søndag ettermiddag må ein no ringja Rygerfonn på tlf 98 24 15 30 for at båten skal koma innom Øyo. Normalt må ein ringja seinast ein halv time før. Om ein vil reisa 6.30 måndag morgon må ein ringja før 20.30 søndag kveld. [rutetabell f.o.m. 1.5.2008] (14.05.08)
Snart Bading!
Som alle veit er det Kufonno som bestemmer når badesesongen startar. Når ho er vekk kan ein bada. Godveret siste veko har tært kraftig på snøen, så no er det berre å gjera seg klar! (24.04.08)
BOKBÅTEKSTRA!
Mitt skip er lasta med...
Trass i skikkeleg ruskevær kom Epos til Øyo fullasta med bøker. Det var bra frammøte frå lokalbefolkningen, og Bjørn Arne fekk fylt fleire kasser med bøker til biblioteket i butikken. Her kan du lesa ein heil artikkel om saka. [sjå bokbåtekstra] (30.03.08)
Truleg ny rekord II
Det var fullt hus i skulehuset på basaren skjærtorsdag. Trass i nye benker måtte ein ta både ganga og kjøkkenet i bruk for å få plass til alle. Så vidt vi forstår vart det og ein økonomisk suksess og truleg ny rekord. Overskotet går til vedlikehald av skulehuset. (22.03.08)
Alt klart for basar
Alt er no klårt for basaren. Dei nye benkane er på plass, og i ettermiddag var det full pakke med vask og skrubbing både inne og ute. Det er altså kl. 17.00 det skjer på Skjærtorsdag. (19.03.08)
Basar på skjærtorsdag
Som i fjor vert det basar i skulehuset på Skjærtorsdag kl. 1700. Her er årer nok til alle, og skal tru om det ikkje er nok gevinstar og. Dessuten har det vore ein kraftig auke i sitjekapasiteten med dei flunkande nye benkane. Noko å gle seg til for store og små! (13.03.08)
EKSTRA BILETSERIE:
Meir tungtrafikk!
Vi har høyrd tale om trafikkauke på Halsnøy når tunnelen opnar. Men vi kan slå fast at vi den siste veko har hatt auke i tungtrafikken på heile 300 prosent - sjølv utan tunnel! I kveld kom Samba med ikkje mindre enn tre fullasta lastebilar! Vi får vel leggja til at det også denne gongen har å gjera med vassboring osb. [Sjå biletekstra!] (06.03.08)
Kraftig auke i tungtransporten
Då redaksjonen kom til øyo i mørkret fredag såg vi plutseleg konturane av eit svært vogntog på Snilstveit. Ikkje heilt enkelt å forstå korleis denne ekvipasjen hadde kome seg over Vikjo. Hadde dei bygd tunnell her og, undrast vi. I ettertid har vi fått vita at det var ferja "Samba" som hadde stått for overfarten. Det heile dreier seg om frakt av utstyr til vassboring. (02.03.08)
Meir vatn
Trass i global oppvarming og aukande nedbør er etterspurnaden av vatn stadig høg. Siste veko har dei bore etter vatn på Hestavodlen. Der vart det full klaff og vasspruten stod høgt til vers. (01.03.08)
I skoddeheimen
I dag har sikten vore skiftande - i det heile har det vore eit merkeleg ver! Sidan i dag morges har det kome kvite dottar med skodde og tetta sikten fullstendig. Eit par minutter seinare har sola kome fram att. Man då vi gjekk til båten i ettermiddag tetna det til for alvor. [Sjå her](10.02.08)
Nødhavn på Øyo
Det er ikkje noko nytt at Kalvsundet er ei god havn. I løpet av dei siste par vekene har eit par båtar som normalt ligg utanfor Skeishagen søkt ly i hamna på Øyo. Når vestavinden står på som verst søv ein betre om natta når båten ligg på Øyo! (26.01.08)
Siste nytt: Ein stille dag på øyo!
Idag har vi hatt ein heil dag nesten heilt utan vind. Ein dag for ettertanke, utskifting av knuste takstein og oversyn over stormens herjingar. I morgon vert det atter lavtrykk og sydaust og regn og kuling... (12.01.08)
Postkassemassakre
Stormen har teke godt tak i postkassane på kaia. Ei postkasse låg midt i vegen, andre vart snudde opp ned. Men kjenner vi den postansvarlege rett reknar vi med at posten kjem fram som vanleg! (04.01.08)
Ikkje akkurat rotvelt, men...
Vegen var sperra av ei greinMidt i vegen like under Stølshaugen vart vegen sperra av ei stor grein frå ei furu. I eit minutts tid var det uråd å koma forbi, heilt til ein av Øyapostens utsende fekk rydda unna trelasta. (04.01.08)
Øyaposten i 2008
Øyaposten vil halda fram med dei faste publikasjonane. Det første nummeret på papir i 2008 vil vera klart til påske. Nummer to vil koma ut kring månadskiftet juni/juli. Nettutgåva vil vi oppdatera kontinuerleg med nye bildeseriar og notisar om stort og smått. (02.01.08)
Øyo i dag-notisar frå 2007 har vi no flytta til ei eiga side >

