Åslaug Snilstveit
salikat_utsagn

Åslaug Snilstveit er grafisk designer AMG – autorisert medlem i Grafill. Har i tillegg lang erfaring som AD – Art director i reklamebyrå, samt fagkurs i marknadsføring.

Etter ca ti år i reklamebyrå i Oslo starta eg eige designbyrå og jobba i designmiljøet ved Akerselva til 2000. Då vart lengten til vestlandet så stor at eg flytta til Bergen. Med røter i Kvinnherad sør for Bergen var dette ei lett avgjerd. Skrittet var difor ikkje så langt då det i 2009  vart etablert kontor i Rosendal, turisthovudstaden i Kvinnherad. Her finn du Salikat design midt i Skålagato. Nettverk og kundar har eg både i Bergen, Oslo, Kvinnherad, Trondheim og Stavanger/Sand.

Autorisert medlem Grafill

Grafill er den faglege organisasjonen til grafiske designarar og illustratørar med høgskuleutdanning. Autorisert Medlem Grafill er ei sertifiseringsordning for utøverar med fullt medlemskap som gir ekstra kompetanse innafor

  • Presentasjon/innsalg
  • Lovverket og kontrakter
  • Arbeidsprosess og prosjektledelse
  • Branding
  • Gode prosesser sett fra kundens ståsted
  • Suksessfaktorer for enklere prosesser
  • Grafills etiske retningslinjer

Historia bak namnet Salikat design

Då eg som nyutdanna jobba som AD (Art Director) i reklamebyrå i Oslo nytta eg stadig vekk i vill begeistring kraftuttrykket «Salikat!».
Dette kraftuttrykket frå Stavanger syntes austlendingane var så underleg at vegen var kort til å nytta dette som firmanamn då eg starta eige firma.

Autorisert medlem Grafill