



Sjå våre priseksempel her
Timepris
Til vanleg avtalar vi ein fast pris for nettsida di utfrå korleis du ønsker ho. På andre oppdrag, eller om du til dømes ønsker at Salikat skal hjelpa deg med å laga oppslag – fotografera eller skriva/publisera innhald for deg, tek Salikat design betalt pr time. For kommersielle aktørar kostar dette kr 600,- pr time. Frivillige organisasjonar og liknande kr 450,- pr time. Alle prisar er eks mva.
Brukaren kan sjølv endra innhald – cms
I dag vil dei fleste gjerne ha ei nettside kor dei sjølve kan bidra med innhald. Ei levande side gjer ein god jobb. Du kan t.d. legga inn fleire ansatte med bilete og kontaktadresse eller retta feilstava ord. Eller om ein har biletgalleri eller nyhendeside så kan ein publisera bilete og tekst sjølv. Har du produkt eller tenester som endrer seg? Kva med stilling ledig? Ein kort tekst i avisa kan supplerast med oppslag på eigen nettside. Dette inneber ei såkalla CMS-løysing – Content Management Solution – ei innhaldshandteringsløysing.
Salikat design har valt å nytta cms-løysinga WordPress. Dette er i prinsippet ei gratis og open løysing. Det betyr at du ikkje er låst og risikerer å måtta laga heilt ny side om du vil flytta utvikling og administrasjon av sida til ein annan tilbydar. Men aller viktigst, du vert ikkje belemra med høge faste kostnader. Det er i dag heilt vanleg å tilby nettside til ein lav pris, så tek ein igjen dette med høgare faste kostnader.
Salikat design har valt å gå for ei løysing kor utvikling og publisering av sida kan synes høge, men spegler tida som går med, det gjer dei faste kostnadane (webhotell, domeneregistrering) reelle og låge og vert fakturert deg direkte.
Pris for medium webhotel inkl database er kr 30,- pr mnd og kr 110,- pr år for sjølve domenenamnet, dette gjer deg ein fast kostnad pr år på kr 470,- (pr 2014, domeneshop.no).
Backup og vedlikehald
Backup av sida kan du enkelt gjera sjølv med eit klikk, eller du kan få oss til å gjera det for deg. På sikt treng du og såkalla teknisk vedlikehald av sida. Den digitale verda er i stadig utvikling om ikkje fullt så fort som tidlegare, og det gjeld å henga med reint teknisk. Det betyr oppdatering av programvare og anna som drifter sida di. Dette kan du óg gjera sjølv, men hugs at er det viktig at du alltid tek backup av i forkant.